Om Den Grøne Tråd
Du og eg kan velja kva historie me støttar…
Det ligg i kulturen vår, i ryggmargen å hjelpe andre. Her er det vinn vinn… Ved å støtte andre med å bygge livgrunnlag på ein godt måte for natur og menneske, vil det komme alle til gode no og i framtida.
Eg har heile livet vore nært knytt til naturen. I mange år har eg vore på leit etter naturlege og heilskaplege produkt og behandlingsmetodar, og å sjå samanhenger, som samanheng mellom livsstil, helse og miljø.
Då eg starta Den Grøne Tråd i 2014, hadde eg allereie handla store kvanta med økologiske, reine produkt i fleire år til mitt eige hushald. Eg tenkte at andre òg kunne få ta del i det. Mange av produkta finst ikkje lokalt. Eg ynskte å gjera økologiske, lokal og etiske produkt tilgjengelege, og visa at økologi handla om meir enn berre mat.
Dessutan trong me ein stad å selja produkta me lagar på garden vår, Bjørnebruket på Rykkje. Me produserer ulike økologiske produkt av kjøt frå eigne lam. Eg hadde også starta med aromamassasje, og tenkte at det i starten ville vera lettare å nå folk i Øystese.
Eg ynskjer å inspirera folk til å ta vare på si eiga helse og jorda, vår felles heim. Det handlar om den grøne tråden i dagleglivet vårt: Å halda kontakt med naturen, lytta, læra, respektera og visa takksemd. Me vert påverka av alt me omgjev oss med. Ikkje berre mat, drikke og fysisk aktivitet er viktig for helsa. Kva klede me brukar og kva me fyller heimane våre med kan ha innverknad på oss og miljøet. Eg ynskjer bevisstheit rundt forbruk. At folk tenkjer på kva dei støttar dersom dei kjøper eit produkt. Kva er historia til produktet? Kva er det laga av? Korleis er det laga? Kvar, av kven, og under kva forhold? Med andre ord, kva er pris, og kven betaler?
Det er lett å vikla seg inn i alt elendet i verda, men kvar og ein har mogelegheit til å gjera noko med det. Det du gjer, vil inspirera andre.
Alle produkt har ei historie. I butikken satsar eg på gjenbruk, reine produkt, kvalitet, småskalaverksemder, handverk og kunst, og grøn økonomi.
Eg ynskjer at produkta eg formidlar, skal ha laga eit livsgrunnlag i balanse mellom menneska og naturen for einkvan i utgangspunktet, lokalt eller t.d. i ein landsby i Sør-Afrika.
Oppdatert informasjon om opningstider på www.dengronetrad.no og på Facebook-sida til Den Grøne Tråd.
Nettside og nettbutikk er under utvikling, ta gjerne kontakt!