Squash med midtausten inspirert Lammefyll og Tahini saus

Squash med midtausten inspirert Lammefyll og Tahini saus

Frå boka Clean Gut: «Tarmen- din andre hjerne». Her er oppskrift utan gluten og mjølkeprodukt.

Eg er generelt oppteken av mat og helse, og har mykje bøker om emnet (sjå bibliotektet på Den Grøne Tråd (DGT)). I det siste har eg lest litt i boka » Clean Gut» (rein tarm) av Alejandro Junger, då eg vart inspirert til å prøve denne oppskrifta ( del av eit renseprogram) frå boka:

4 medium squash eller zucchini som det òg kan heite

1 ss kokos olje (økologisk rå kokosolje frå Dr. Goergs på DGT)

1 raud løk, fin kutta

2 kvitløks fedd, fin hakka/pressa

1/2 kopp pinje kjerner (eg brukte sesam og solsikkekjerner) (økologiske sesamfrø og solsikkekjerner på DGT)

1/4 kopp greske oliven uten stein, i biter (eg hadde litt færre oliven, men hadde i ein oppdelt sjampinjong i staden)

1 ts paprika krydder

1ss malt spisskummin (økologisk spisskummin på DGT)

1 ts malt ceylon kanel (økologisk Ceylon kanel på DGT)

500-600 g Lamme deig (Økologisk kortreist Lammedeig frå Bjørnebruket, Rykkje på DGT)

Smak til med sjøsalt  (North Sea Salt Works på DGT)

Tahini Saus

2 kvitløks fedd (eg syns 1 var nok her)

Jus frå 2 små sitroner ( eg brukte 1)

1/2 kopp tahin (Økologisk tahin på DGT)

Valgfritt: 1/4 kopp cashew smør(gjer litt sødme), eg brukte mandelsmør (økologisk mandelsmør på DGT)

Smak til med salt

vatn

  1. Sett ovene på ca 190 grader
  2. Del squash i to på lengda. Ta forsiktig ut frø og fruktkjøt, mest mogleg. Legg til sides.
  3. Steik løk, kvitløk i kokosolje på middels varme i ei romsleg panne, til dei er mjuk og gyllen.
  4. Tillsett Pinjekjerner, oliven, paprika, spisskummin, kanel
  5. Rør inn og steik i ca 2 minutter.
  6. Tillsett lammedeig og fortsett å varme og røre rundt til deg er steikt.
  7. Ta panna av varmen og smak til med salt
  8. Olje bakepapir eller steikebrett med olivenolje og plasser squash båtane utover plata.
  9. Fyll kvar enkelt båt med lammedeig fyllet.
  10. Bakast i oven i ca 30 min
  11. Medan Squash båtane er i ovnen kan du lage Tahini sausen
  12. Bland alle ingrediensane til tahini sausen og spe med vatn til passe konsitens
  13. Når squash båtane er klar, serverer du dei saman med tahini sausen.

OBS! Nytt alt: Bruk frø og kjøt frå Squash til deilig morgon smoothie:

Appelsing og Squash smoothie

Ha fruktkjøt og frø frå squashen i blenderen saman med frøblanding (sesam, solsikke, chia og mandler) som har stått i vatn i kjøleskap frå dagen før. 1 appelsin ( eg skrelte den, men hadde i litt av skalet på den økologiske appelsina),  jus av 1/2 sitron økologisk, 1/2 ts gurkemeie, kjør dette til ei gjenvn blanding og tilsett kokosvatn til ønska konsistens. Eg hadde faktisk 1-2 ss av Dr. Groergs ekstra virgin kokosolje. Lykke til! Til og med ungane likte denne hjå oss:)

 

Stikkord:

Related Posts

Comments are closed.