
Endelig er Isrosa isen komt til Øystese
Då sommaren kom til Øystese, flytta IS frå Isrosa inn på Den Grøne Tråd.
På bilete poserer Isrosa Kanel i parken i Øystese på ein deilig sommardag. Mmmm..
Isrosa:
Isen vert produsert av økologiske råvarer. Mjølk, egg og rabarbra klarar me å produsere sjølve. Bjørnebær, plommer og bringebær kjøper me av andre økologiske bønder i området. Resten av ingrediensane er i hovudsak importerte, men alt har økologisk godkjenning. Nokre smakar er knytt opp til sesongane, og vert ikkje laga heile året.
Comments are closed.